Palletering med samarbeidande robotar

Med Rocketfarm og Kameleon Gruppen

Har du lyst til å lære meir om palletering med samarbeidande robotar, då er dette webinaret for deg. Noregs leiande integratør, Kameleon Gruppen og Rocketfarm, utviklar av marknadsleiande palleteringsprogramvare har gått saman om å lage eit webinar.

Her kan du lære om bruksområdet til samarbeidande robotar, kor brukarvennlege dei er, samt korleis vår avanserte løysing kan hjelpe deg og di verksemd.


Tid og stad

  • Tirsdag d. 14 september
  • Klokka: 13-14
  • På Zoom (Link blir tilsendt etter påmelding)

(Me kjem også til å sende deg ei påminning når webinaret nærmar seg)


Kven kjem du til å møte:

  • Trond Olav Eek – Dagleg leiar Kameleon Gruppen
  • Lina Venjum – Salskonsulent Rocketfarm
  • Emil Nissfolk – Ansvarlig Robotikk Kameleon Gruppen

Rocketfarm

Rocketfarm er eit norsk programvarefirma som har utvikla palleteringsprogramvara PALLY. PALLY er ei marknadsleiande programvare som gjer det mogleg å dra nytte av Universal Robots sitt fulle potensiale for palletering. I tillegg arbeidar me med utvikling av avanserte simuleringar av FAT (Factory Acceptence Test) i digitale miljøer for å hurtigare, betre og billigare kunne vurdere palleteringsprosjekt.


Kameleon Gruppen AS

I Kameleon møter du hyggelege og dyktige folk med ulik kompetanse. Me er teknikarar, ingeniørar, relasjonsbyggjarar og sammen er me gode på å finne den beste løysinga for deg. Det me har felles er engasjement, og eit stort fokus på å løyse dine behov.


Har du nokon spørsmål?

Lurer du på noko eller har du eit ønskje om meir informasjon, kan du skrive til oss på pally@rocketfarm.no.

Me prøver alltid å svare så kjapt som mogleg. Og akkurat det er me gode på 🙂

    Påmelding Webinar